Arbeidsleiar Veg og park 100 % mellombels
About this role
Omtale av stillingen
Eining for Veg og Park søkjer med dette etter arbeidsleiar som vil ha fagleg ansvar innan den daglege drifta for fagområda til eininga knytt mot veg, park og hamn. Frammøtestad er Husnes vassbehandlingsanlegg, Onarheimsvegen 233. Stillinga er i utgangspunktet mellombels for 2 år, med moglegheit for fast stilling etterkvart.
Vi søker
Vi søkjer ein engasjert og handlekraftig arbeidsleiar som trivst med å kombinere praktisk arbeid ute i felt med leiing, koordinering og samarbeid.
Som arbeidsleiar i Veg og park får du ei sentral rolle i den daglege drifta av kommunale vegar, grøntanlegg, parkar og kaiar. Du vil leie og følgje opp dyktige medarbeidarar, planleggje arbeidsoppgåver og bidra til at innbyggjarane møter trygge, funksjonelle og attraktive uteområde kvar dag.
Vi ser etter deg som likar å ta ansvar, skape framdrift og finne gode løysingar i ein variert arbeidskvardag. Du er strukturert, samarbeidsorientert og har evne til å motivere andre. Samtidig set du pris på å vere tett på den operative drifta og sjå konkrete resultat av arbeidet.
Arbeidsoppgaver
• det faglege hovudansvaret for den daglege drifta innafor fagområda i eininga og står for den daglege planlegginga av arbeidet. • del i praktisk og dagleg drift • kontroll av innkommande faktura • ta del i vaktordning i vinterhalvåret (okt.-mars) • bestilling av varer og tenester. • ansvar for å leia og følgja opp medarbeidarar • halda dialog med brukarane av anlegga. • Oppfølging og kontroll av kontraktørar og underentreprenørar som vert nytta i drifta eller har arbeid knytt opp mot kommunale anlegg. • Delta i utvikling og oppbygging av kontroll- og dokumentasjonssystem, HMS og anna arbeid med kvalitetsikring • Stedfordtreder for einingsleiar ved behov
Kvalifikasjonar
• Relevant fagutdanning innan fagområde Veg og park • ANleggsmaskinførarbevis • Gode IT-kunnskaper • Førarkort klasse BE og T (142) • God munnleg og skriftleg norsk framstilling • Relevant leiarerfaring • Du må beherska norsk skriftleg og munnleg
Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Personlege eigenskapar
• Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. • Du må være fleksibel og løysingsorientert. • Ansvarsfull og nøyaktig • Serviceinnstilt • Sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.