Avdelingsleder
Job check
1/100
Low ghost risk
- Live on the employer's careers page
- Online 11 days, within the typical 45 days
- Never re-posted
About this role
Eigedom, Midt-Telemark kommune
Midt-Telemark kommune, Teknisk sektor, eining Eigedom, søkjer ein engasjert og framtidsretta avdelingsleiar for Byggdrift. Stillinga blir ledig då noverande avdelingsleiar går over til pensjon etter mange år i kommunen.Vi ser etter ein tydeleg og samlande leiar som kan vidareutvikle byggdrifta i kommunen og bidra til gode tenester for innbyggjarane våre. Du vil få ansvar for drift og vedlikehald av kommunen sine bygningar, leiing av dyktige medarbeidarar og oppfølging av økonomi, kvalitet, HMS og beredskap.Vi har eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse, stor grad av sjølvstende og eit sterkt fokus på samarbeid og gode løysingar.
Arbeidsoppgåver
I denne stillinga vil du mellom anna arbeide med:
• Dagleg leiing av avdelinga for byggdrift og oppfølging av medarbeidarar. • Ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av kommunale formålsbygg, bustadar og tilhøyrande uteområde. • Planlegging og prioritering av vedlikehaldsoppgåver. • Budsjettoppfølging, økonomistyring og fakturagodkjenning. • Oppfølging av innkjøp, serviceavtalar og eksterne leverandørar. • Oppfølging av FDV-system og dokumentasjon. • Energiøkonomisering og bærekraft. • Sørgje for god service og tett dialog med brukarar av kommunale bygg. • HMS-arbeid og oppfølging av arbeidsmiljø. • Ansvar innan internkontroll, beredskap og kvalitetsarbeid. • Delta i leiargruppa i eining Eigedom og bidra til strategisk utvikling av tenestene. • Delta i planlegging og gjennomføring av investerings- og vedlikehaldsprosjekt.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde kan bli justerte ved framtidige organisatoriske endringar.
Kvalifikasjonar
Ønskede kvalifikasjoner
• Relevant teknisk utdanning frå fagskule- eller ingeniørnivå. • Erfaring frå drift, vedlikehald og forvaltning. • God økonomiforståing og erfaring med budsjettoppfølging og rapportering. • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. • Relevant leiarerfaring. • Kunnskap om anskaffingar. • Erfaring med kontraktsoppfølging og leverandører. • God digital kompetanse og erfaring med FDV-system, ENØK og verktøy innen utvikling av smarte bærekraftige bygg. • Erfaring med prosjektleiing. • Kunnskap om internkontroll, HMS og beredskap. • Arbeidsordre og etterlevelse av internkontroll. • Kompetanseplanlegging, oppfølging av personale. • Kjennskap til relevant lov- og regelverk. • Søkjar bør kunne meistre begge målformer
Særskilt for stillinga
• Førarkort kl. B Personlege eigenskapar