100 % fast stilling som fagarbeidar
About this role
Sagatun barnehage er ein fleirkulturell barnehage med fire avdelingar. Mangfald og inkludering er viktig for oss, og vi legg til rette for eit miljø der mangfald vert sett på som ein ressurs.
Barnehagen ligg sentralt i Balestrand, med eit stort uteområde som inkluderer lavvo og gapahuk, og med kort veg til mange spennande turmål. Her kan vi boltre oss i Badelaguna, på Balasletta og ved Kong Bele-statuen, på fotballbana og i klatreparken, i skogsløyper, og sjå på dragehus og andre spennande bygg – alt innan kort rekkevidd. Sentrum med butikkar, hotell og reiselivsmuseum ligg berre nokre få minutt unna.
Vi søkjer etter deg som ønskjer å vere med på laget, skape gode og trygge rammer for barna, og som ser gode relasjonar som ei kjelde til utvikling, utforsking og leik.
Det er ledig 100% fast stilling som fagarbeidar i Sagatun barnehage i Sogndal kommune frå 01.12.26
Arbeidsoppgåver:
• Skal legge til rette for eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø for alle barna i barnehagen. • Har i samarbeid med pedagogisk leiar og andre medarbeidarar på avdelinga ansvar for å fylgje opp det pedagogiske arbeidet. • Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet. • Bidra til eit godt samarbeid med føresette. • Bygge gode relasjonar med barna, føresette og kollegaer. • Bidra til godt arbeidsmiljø i barnehagen.
Kvalifikasjonar:
• Fagbrev som Barne -og ungdomsarbeidar, andre er også velkomne til å søke. • Gjerne arbeidserfaring frå barnehage. • Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg. • Interesse for og erfaring med friluftsliv og fysisk aktivitet for barn. • Interesse for og erfaring med mat og helse, og legge til rette for barns medverknad i mat og måltidsaktivitetar. • Evnar å ta barneperspektivet og bygge relasjonar. • Likar å vere med i leiken. • Interesse og erfaring for å arbeide med inkludering og mangfald i ei fleirkulturell barnegruppe.
Personlege eigenskapar:
• Engasjement for arbeid med barn. • Tek initiativ og ansvar. • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar. • Fysisk aktiv og leiken. • Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar. • Likar å arbeida saman med andre. • Taklar høgt tempo i kvardagen. • Godt humør.
Leik er eit prioritert område i Sogndalsbarnehagen Leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet. Leikande barn og leikande vaksne er avgjerande i:
• Relasjonsbygginga med barna. • Det førebyggande arbeidet. • Det å skape eit trygt og godt barnehagemiljø for barna.