Øygarden lokalmedisinske senter
About this role
Om avdelinga:
Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, gode assistenar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfagleg tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen.
Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Helgestillingane som her vert lyst er knytt til ei kommunal korttidsavdeling og tek i mot pasientar frå sjukehuset som treng vidare behandling og oppfølging før heimreise.
Stillinga blir lagt i årsturnus med 16 helgar og er knytt 2. etg på LMS.
Arbeidsoppgåver: • Pleie, oppfølging og behandling av pasientane • Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål • Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar • Tverrfagleg arbeid • Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø Kvalifikasjonar:
Ønskjer søkjarar som er helsefagarbeidar eller student innan helse, men kan og vere søkjarar som er nysgjerrig på helsesektoren og som ser for seg å ta utdanning som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller anna helsefagleg utdanning på sikt. Søkjar må vere trygg i skriftleg og munnleg norsk. Krav om B-2 i norsk.
Må vere 18 år.
Ønskjeleg med: • Erfaring frå liknande arbeid og i utdanning innan helse Eigenskapar: • Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande • Du ønskjer å jobbe med korttidspasientar og menneske som er i siste fase av livet • Du tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av opptrening og rehabilitering, og vil jobbe for måla som blir sett for pasienten • Du viser engasjement i arbeidet ditt og er eigna til denne arbeidsformen • Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng detDu er open, nysgjerrig og gir beskjed når det trengs • Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap • Du har gode IT-kunnskap Vi tilbyr: • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer • Interessante utfordringar • Høve til fagleg og personleg utvikling • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån Kontakt:
Tonje Tangen Alvsvåg – Einingsleiar 55 09 72 20
Anita Bildøy Hestad – Avdelingsleiar 481 77 990