Stranda kommune søkjer fastlege
About this role
Stranda kommune søkjer fastlege. Vi har ledig 2 vikariat i 100% stilling, eine frå dags dato til mai 2027 og det andre vikariatet frå 26. oktober til august 2027, med moglegheit for forlenging.
Vi søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin eller lege i spesialisering (ALIS). Stillinga er fastløna og alle ved kontoret er kommunalt tilsett .
Listetak på 750 pasientar for spesialistar i allmennmedisin og 600 pasientar for ALIS. Vi har i dag 7 legeheimlar og 1 LIS1-stilling og vi nyttar journalsystemet PasientSky.
Kvifor velge Stranda ?
Stranda kommune ligg vakkert til mellom fjord og fjell på Sunnmøre. Her finn du eit unikt samspel mellom faglege utfordringar og naturbaserte fritidsaktivitetar – perfekt for deg som ønskjer ein balansert og meiningsfull kvardag.
Stranda kommune har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Kvifor velge Stranda legekontor?
• Legekontoret er veldrive • Godt og inkluderande arbeidsmiljø med erfarne kollegaer • Variert arbeidskvardagar med allmennmedisinske utfordringar • Fastløn og 15 % omsetningsløn • Normal arbeidstid: 37,5 timar pr. veke • Det er lagt til rette for heimekontor/administrativ dag. • Internundervisning og «opa-dør»-prinsipp • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad • Kommunen dekkjer kursutgifter og legg til rette for spesialisering, som ikkje blir dekka av utdanningsfond II • Kommunen er godkjent utdanningsverksemd • ALIS-avtale med oppfølging av erfarne rettleiarar • Til stillinga er det offentleg legearbeid med inntil 7,5 timar pr. veke • Deltaking i interkommunal legevakt (primært laurdag og søndag dagtid) • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Natur, fjord, fjell rett utanfor døra – perfekt for friluftsliv og rekreasjon
Vi tilbyr
• Spanande og varierte arbeidsoppgåver • Gode kollegaer og hyggeleg arbeidsmiljø • Interkommunal legevakt i Sykkylven med 3 fast tilsette legevaktslegar og hjelpepersonell. Primært legevakt laurdag og søndag kl. 08:00–16:00 • Lav vaktbelastning
Kvalifikasjonar
• Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege • Gjennomført LIS1 i Norge • Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering • Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg • Førarkort klasse B • Gyldig politiattest