Ferievikar medisinsk poliklinikk sommaren 2027
About this role
Medisinsk poliklinikk ved Nordfjord sjukehus søkjer sjukepleiar til sommaren 2027. Arbeidsperioden er 28.06.2027-22.08.2027 .
Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan mage- og tarm, hjarte, infusjon, lunge, eldremedisin, diabetes, ØNH og skade.
Nordfjord sjukehus ligg sentralt til i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu.
Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide og ønskja stillingsprosent. Opplæring kan med fordel starte tidlegare.
Arbeidsoppgåver • Behov for ferievikar på hjartepoliklinikk og skadepoliklinikk, men kan også vere behov ved andre poliklinikkar. • Forberede pasient til undersøkingar, hjelpe lege ved undersøkingar. Kvalifikasjonar • Offentleg godkjent sjukepleiar • Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg • Erfaring med bruk av DIPS er ein fordel Personlege eigenskapar • Du har motivasjon og interesse for fagfelta • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik • Du må ha evne til systematisk arbeid Vi tilbyr • Varierte og spennande arbeidsoppgåver • Opplæring • Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Trivelig arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonArnstein Ivesdal, Einingsleiar, (+47) 578 64 031 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5202499935 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 17.01.2027
Om arbeidsgiveren:
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.