Økonomirådgjevar
About this role
Om stillinga
Sveio kommune søkjer ein økonomirådgjevar som ser samanhengar og omset tal til innsikt. Du får ei sjølvstendig og sentral rolle i budsjett-, analyse- og rapporteringsarbeidet, med hovudvekt på oppvekstområdet og oppgåver også innan helse. I tett samarbeid med kommunalsjefen for oppvekst og for helse skal du bidra til heilskapleg økonomisk oversikt og gode avgjerdsgrunnlag for leiinga.
Oppvekstområdet i Sveio omfattar to kommunale- og tre private barnehagar, fem skular, Barn og familie eining og eit kultursenter. Dette er tenester som betyr mykje for barn, unge og familiar i kommunen.
Gjennom faglege vurderingar og råd skal du støtta leiinga i økonomisk oppfølging og prioriteringar. Her får du kombinera sjølvstendig fagleg arbeid med tett samarbeid – og bruka økonomikompetansen din til å skapa gode rammer for viktige tenester til innbyggjarane.
Arbeidsoppgåver • Ha medansvar for budsjett, rekneskap, rapportering og prosjektoppfølging. • Bidra med analysar og delta i prosjekt og politisk sakshandsaming innan kommunal forvaltning. • Arbeida med ressurs- og rammetildeling til den enkelte barnehage og skule. • Ha medansvar for rapportering i GSI og BASIL. • Berekna tilskot til private barnehagar. • Gi økonomifagleg støtte og rettleiing til einingsleiarane.
Kvalifikasjonar • Minimum 3 årig høgskuleutdanning innan økonomi. • Anna relevant utdanning kombinert med praksis kan vera aktuelt. • Relevant arbeidserfaring innan dei aktuelle arbeidsområda er ein fordel. • Kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og avtaleverk innan områda oppvekst og helse er ein fordel. • Gode digitale ferdigheiter, kompetanse i avansert bruk av Excel og kjennskap til økonomi- og HR-system. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Nynorsk er skriftspråket i Sveio kommune.
Personlege eigenskapar • Du samarbeider godt med andre og arbeider sjølvstendig. • Du arbeider strukturert, nøyaktig og målretta. • Du har gode analytiske evner og omset økonomisk informasjon til forståelege vurderingar og råd. • Du tek initiativ og finn løysingar i samarbeid med andre. • Du prioriterer oppgåver og held oversikt, også i periodar med høgt arbeidstempo. Vi tilbyr • Utfordrande og lærerike arbeidsoppgåver i eit engasjert arbeidsfellesskap med høg fagleg kompetanse. • Høve til å påverka og vidareutvikla det økonomifaglege arbeidet innan oppvekst og helse. • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Om arbeidsgiveren:
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.